What'd I Say

What'd I Say
Singel av Ray Charles
frå albumet What'd I Say
B-side

«What'd I Say, Pt. 2»

Språk engelsk
Utgjeve Juli 1959
Innspelt 18. februar 1959
Sjanger Rhythm and blues, soul
Lengd 6:30
Selskap Atlantic
Komponist Ray Charles
Tekstforfattar Ray Charles
Låtskrivar(ar) Ray Charles
Produsent Jerry Wexler
Ray Charles-kronologi 
«Night Time Is the Right Time»
(1959)
What'd I Say «I'm Moving On»
(1959)


«What'd I Say» (eller «What I Say") er ein amerikansk rhythm and blues-song av Ray Charles gjeven ut i 1959. Som singel vart songen delt i to delar og han var ein av dei første soul-songane. Komposisjonen vart improvisert ein kveld seint i 1958 då Charles, orkesteret hans og korsongarar hadde spelt ei heil setliste på eit show og framleis hadde noko tid att. Responsen frå publikum var så entusiastisk at Charles sa til produsenten sin at han ønskte å spele inn songen.

Etter fleire R&B-hittar, vart denne songen det endelege gjennombrotet til Charles og utløyste ein ny undersjanger i R&B kalla soul, og alle elementa som Charles hadde skapt sidan han spelte inn «I Got a Woman» i 1954 vart no sett saman. Gospel og rhumba kombinert med seksuelle hint gjorde ikkje songen berre populær men òg særs kontroversiell hos både det kvite og svarte publikummet. Singelen var den første gullplata for Ray Charles og vart ein av dei viktigaste songane innan R&B og rock and roll. For resten av karrieren sin avslutta Charles nesten kvar einaste konsert med denne songen. Songen vart lagt til National Recording Registry i 2002 og han er rangert på 10. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search